Gamle Norig

Gamle Norig

Gamle Norig, nørdst i grendom er vårt eiget ættarland.
Der er hav, som heilt åt endom leikar um den lange strand;
der er vikar og votn og øyar, tusund fjordar og tusund fjell,
snøydor, der sjeldan snjoen tøyar, dalar, der fossen diger fell.

Leid er vel den lange vetter, endå grøn vår granskog stend,
og når lauv i lidom spretter, fagre liter fær vår grend.
Store dagar og stutta næter lida lett um den ljose jord,
strand og fjord og fjell og sæter skiner av sol frå sud og nord.

Born av deim, som bygde landet er på tuftom endå til;
garden stend i gamle standet, bygd og bøtt som bonden vil.
Van til møda meir enn til kjæla, leikar lyden på land og sjo.
Giv han sitje med sømd og sæla trutt på tuftom i trygd og ro!

Ivar Aasen

Advertisements

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 18. september 2017, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Comments Off on Gamle Norig.

Kommentarer er stengt.