Attersyn

Attersyn

Eg sette meg på sullarbenk,
eg vilde lære syngje.
Eg vilde meg ein livsens skjenk
og hjarto upp att yngje.

Eg sat i livsens huskelåg,
eg huska meg so lenge.
Og livet saud i rot og tåg
og i so godt eit gjenge.

Det ljuve livsens vin eg naut,
og lauvet skein i lidom.
Og sæle smil um munnen flaut,
og soli skein av blidom.

Eg stod på livsens dansargolv
i blanke feleljomen.
Og dansen gjekk so huset skolv
i støre, øre omen.

Og våren løyste all si magt,
den store ofsen losna –
eg dundra fram i hallingtakt,
til dansargolvet brotna.

Eg sat i livsens gråtarhus,
der munde dei hender vride.
Eg seig i hop i rædslerus, e
g såg all verdsens kvide.

Eg såg all sorg og pinsle svar
som kann eit hjarta tyngje.
Gud veit kor mang ei naud der var;
då lærde eg å syngje.

Eg stod på livsens glitretind,
og harpa skein i soli.
Det uppljost var i sjæl og sinn,
og himlen signa jordi.

Der fekk eg høyre at eg var
ein solson sigerskåra.
Der såg eg att min odelsgard
der såg eg han forklåra.

Olav Aukrust

Advertisements

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 19. september 2017, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Comments Off on Attersyn.

Kommentarer er stengt.