Ei naki grein

Ei naki grein

Ei naki grein med blodrud bær
og ei som bladrik blømer,
på kvar sin måte fagre er
for den som kjærleg dømer.

Den eine gjev sin ange, ho,
der ljuv ho ligg og blømer.
Den andre gjev sitt hjarteblod
når lauv for haustvind rømer.

Den eine skin og strålar, ho,
den andre brenn og mognar
og gjev til sist sitt hjarteblod
der tung av bær ho bognar.

Eg gav deg den med blomar på.
Eg gjev deg den med bæri.
Kven rikast er vil du få sjå
litt lenger fram på ferdi.

Olav Aukrust

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 27. november 2017, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ei naki grein.

Kommentarer er stengt.