Om alle tre var like

Om alle tre var like

Om alle tre var like
og alle blomar blå
og alle fuglar svarte
og alle dyra grå –
det tror eg ville gjera
oss meir enn vondt å sjå.

Om vi var like store
og gjekk i like klær
og om vi alltid hadde
kvar dag det same vær –
det ville vera meire
enn trist å leva her.

Om alle hus var like
med same mat på bord
og om vi tala saman
alltid dei same ord –
då vart det liten trivnad
her nede på vår jord.

Nei, dette rike mangfold
vi kringom oss kan sjå
av ymse dyr og fuglar
og tre og blom og strå –
at alt er skapt så ulikt,
er godt å tenke på.

Jan-Magnus Bruheim

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 10. desember 2017, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Om alle tre var like.

Kommentarer er stengt.