Paa Solsida

Paa Solsida

Det var Solkverv igaar,
det var Solkverv igaar,
– hei hopp, hipp hipp, hurra!
Og sjaa dermed so snur det seg atter til Vaar.
Hei hopp, hipp hipp, hurra!

Herregud kor den Soli ho gyller paa Snjo!
Og ho tykkjest meg blenkja so nytvegi no,
og ho smiler mot Joli so livande glad.
– Hei hopp, hipp hipp, hurra!

Her skal grønkast og gro,
her skal grønkast og gro,
– hei hopp, hipp hipp, hurra!

Jau, for Soli kjem atter
med Bota-von no.
Hei hopp, hipp hipp, hurra!

Burti Bakken skal Blomen faa sola seg enn,
medan Lerka og Sysvort skal tralla igjen,
og fortelja, at Verdi igrunnen er bra. –
Hei hopp, hipp hipp, hurra!

Per Sivle.

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 22. desember 2017, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Paa Solsida.

Kommentarer er stengt.