Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute, under dei lauvtunge tre,
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra i saman  ute,
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
som kruser med dogg vårt hår,
som kruser med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag under bleikblå himlen
til fuglane lyfter veng,
til fuglane lyfter veng.

Og kjenna at vi er slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera i saman
like til morgengry,
like til morgengry.

Aslaug L Lygre

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 22. juli 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.

Kommentarer er stengt.