Eg dreg ifrå glaset

Eg dreg ifrå glaset

Eg dreg ifrå glaset fyrr eg legg meg,
eg vil sjå det levande myrkret når eg vaknar,
og skogen og himmelen.

Eg veit ei grav
som ikkje har glugg mot stjernone.
No er Orion komen i vest, alltid jagande –
han er ikkje komen lenger enn eg.

Kirsebærtreet utanfor er nake og svart.
I den svimlande blå himmelklokka
ritar morgonmånen med hard nagl.

Olav H. Hauge

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 11. august 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Eg dreg ifrå glaset.

Kommentarer er stengt.