God natt

God natt

God natt alle blomar i hagen.
God natt alle fuglar i tre.
God natt alle svivande tankar
som følgde i dagen med.

God natt kvikke spel ifrå bekken.
God natt linne sus av vind,
som stryk gjennom hagehekken
og uroar dagdraumen min.

Svevnen har mjukare tonar
og linnare sus av song,
og stundom vakrare blomar
enn dagen har nokon gong.

Svevnen gjer blidare tankar,
og draumane natta ber
på villare vegar vankar
og fagrare syner ser.

Aslaug Låstad Lygre

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 25. august 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for God natt.

Kommentarer er stengt.