«Eg stend eg, seddu»

«Eg stend eg, seddu»

Eg stend eg, seddu.

Eg stod her i fjor òg eg, seddu.

Eg kjem til å stå her eg, seddu.

Eg tek det eg, seddu.

Du veit ikkje noko du, seddu.

Du er nyss komen du, seddu.

Kor lenge skal me stå her?

Me fær vel eta, seddu.

Eg stend når eg et òg eg, seddu.

Og kastar fatet i veggen.

Me fær vel kvila, seddu.

Me fær vel sova, seddu.

Me fær vel pissa og skita òg, seddu.

Kor lenge skal me stå her?

Eg stend eg, seddu.

Eg tek det eg, seddu.

Eg kjem til å stå her, eg, seddu.

Olav H. Hauge

 

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 15. september 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for «Eg stend eg, seddu».

Kommentarer er stengt.