Ein lastebilsjåfør ser utover sjøen

Ein lastebilsjåfør ser utover sjøen

fjella er nærme og høge
vegen smal og rasfarleg
men det er køyra lastebil han kan

i turkis jakke frå syttitalet
og hentesveis frå tusenårsskiftet
står han i ei tidleg saggebukse nesten
rævlaus og kjenner på bølgjene i seg

den kvite plaststolen er god å halda i
for ein som åra tok rattet ifrå

Randi Hjemlestad

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 14. oktober 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ein lastebilsjåfør ser utover sjøen.

Kommentarer er stengt.