Nokre kjensler

Nokre kjensler

Nokre kjensler kjem sakte
god tid til å vekse seg sterke
som ei ferje på fjorden
smiler mot land.

Venta lenge – ja vel
kanskje heile liv –
Ikkje for mykje
om ein ventar på slikt

Stilt går ein derfrå,
sol
mellom hendene

lyser på
resten av vegen
ein skal gå.

Hans Anton Grønskag

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 25. oktober 2018, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Nokre kjensler.

Kommentarer er stengt.