Ode til kanelbollen

Ode til kanelbollen

Det fins ingenting meir forførande enn ein heit kanelbolle
Vi snakkar her om gjærbakstens Afrodite
Ei lita, formfull Marilyn Monroe blant tørre,
Kjønnslause småkaker

Ja, kanelbollen held på ein heilt eigen løyndom
Den krydra eimen av bollar frå kjøkkenet
Og varmen steikeomnen så generøst brer om seg
Ber med seg skjulte løfte om kveldskos
Av eit visst kaliber

For det er kjærlege pusepotar som har rulla
Desse yppige kanelbollane,
Forma dei i sitt eige bilete

Med eit finurleg smil om munnen
Ser bakarjenta eit brett brennheite kjærleikserklæringar
Ta form

Det er noko magisk som hender
Når dei deigkvite bollane blir heite nok i toppen
Dei raudnar litt, eser ut
Og vert brungylne

Eit søtt spor av karamellisert sukker flyt ut under dei

Så om du ein gong skal kysse nokon
Med verkeleg kjensle:
Ta først ein lidenskapeleg jafs
Av ein kanelbolle rett frå omnen

Desse omfangsrike bakverka rommar
nemleg meir
enn vanlege kveitebollar

Dei har eit indre av små elskovsstiar
Strødde med sukker
Og lun kanel
I midten held dei ein temperatur
Som kan smelte sjølv ein frossen draumeprins

Så eg vil prise kanelbollen
Denne velduftande flørten,
Denne søte serenaden

Som vert best
Rulla ut av ei forelska kvinne
Medan mannen kvilar middag
Og ikkje anar nokon ting …

Marianne Håheim

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 12. mars 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ode til kanelbollen.

Kommentarer er stengt.