Mine ord

Mine ord

Mine ord skulle vera
som dogg um morgonen
glitrande overskjelvande
blome-venger.
Som varme solstråler
over dei rimkvite enger
skulle dei vera.
Som greiner på treet
voggande fyrste vårfugl.

Og liksom drivande skyer
du ser mot ein bakgrunn
av vårblå himmel.
Eg ville dei skulle stå
som ei øy i havet
brenningen bryt imot.
Som ljos gjennom myrkret
visande fárleid
og veg til hamn.

Som ein ljodbøye kling
for farlege skjer,
skulle dei vera.
Stille skulle mine ord vera.
Så stille at du kjende
eit sinn røre seg
og høyrde eit hjarta slå.

Jan-Magnus Bruheim

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 20. mars 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Mine ord.

Kommentarer er stengt.