Ei vise om kattar og mannfolk

Ei vise om kattar og mannfolk

Kattar er kongar,
Dei kneisar med hov’et – men har òg mildare trekk.
Som mannfolk flest,
likar dei å bli kjælt med, helst.

Klødd på magen, kost med heile dagen …
Som kattar kan dei mala,
(beisa huset – eller mala enkle rom).

Ver snill med katten din,
så ska’ du få sjå,
at du har deg funne ein frende.
Ver snill med gubben din,
så skal du få
– ein skatt med høgste verde.

Skulle du gjelda katten,
emaskulera din eigen mann
– så vert det du som vert tapar,
det er både visst og sant.

For då vert han lat,
og giddelaus,
fangar’kje mus,
og vaktar’kje hus.
– og du har deg sjølv å takka.

Lars-Toralf Storstrand

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 29. mars 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ei vise om kattar og mannfolk.

Kommentarer er stengt.