Blå dag

Blå dag

Eg kler meg i blått i dag, eg.
Tankane mine krev det.
Det er berre slik ein dag,
tykkjer eg,
at blått er det eg fortener,
å kle meg i,
i denne dag.

Kan du sjå det på meg,
undrast eg,
at eg har klædd meg i blått,
meiner eg?
Eller ser du berre på det ytre,
du òg?

Lars-Toralf Storstrand

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 3. mai 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Blå dag.

Kommentarer er stengt.