Timen mellom timane

Timen mellom timane

Medan morgondisen dansar
og tida går mot dag,
trekk mørkret seg attende
i eit sveip av skoddehav.
Før natti går til kvila,
gjenom dagen lang og ljós,
er timen mellom timane,
i draumelandet los.

Når dagen går mot enden,
og mørkret brer seg ut,
og sol til nye lender,
strekk sin varme ut.
Når dagen går til kvila,
i natti kald og mørk,
er timen mellom timane,
den stund som gjer meg sterk.

Der skog og lende skiftar,
der båra bryt mot land,
der natt og dag må brytast,
eg står i draumen fast.
Kor godt det er å drøyma,
og leggja åket av,
i timen mellom timane,
eg gløymer kiv og kav.

Timen mellom timane,
denne undarlege tid,
så stutt, så ovleg lenge,
så ljuvleg, og så fri.
Då legg eg bak meg sorga,
då kvila kan mi sjel,
då får eg nystyrkt vissa:
At leva skal eg ‘lel.

*timen mellom timane = gamallt keltisk umgrep som tyder akkurat augneblinken
mellom skifte av natt og dag,
vinter og vår, haust og vinter, liv og død.

Lars-Toralf Storstrand

Reklamer

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 4. mai 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Timen mellom timane.

Kommentarer er stengt.