Det er den draumen

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Olav H.Hauge

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 18. mai 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Det er den draumen.

Kommentarer er stengt.