Uvitingskap

Uvitingskap

Det feller so maklegt aa røda
um det, som ein minst heve røynt,
og læja aat annan Manns Møda
og drøsa um alt, som er løynt.
Um Framferd ein myket kann skravla,
naar sjølv ein fær alt utan Skort;
men den, som mot Bakken skal kravla,
han fær ikkje renna so fort.
Ein Etar med Svipa si smeller
og køyrer um Land og um Strand;
paa Bønderne jamnan han skjeller,
at inkje dei dyrka sitt Land.
Jau, fekk han ein Gard til si Føda
og inkje til Løn, som du veit,
eg tenkjer, han bøygdest av Møda,
han vardt ikkje vidare feit.

Ein Etar maa Sjofolket lasta:
dei fara no berre med Skrap;
sin Vinning paa Sjoen dei kasta
og driva si Fiskja med Tap.
Jau, skulde han sjølv søkja Maten
i Storm paa det huskande Hav,
det vardt vel so maateleg Baten,
og Modet det dovnad’ vel av.

Ein Tugtar det slett ikkje lider,
at Folk søkja Moro og Lyst.
Han gløymer dei framfarne Tider,
daa sjølv han til Moro var tyrst.
Kven veit, um han Skaali si sette
ifraa seg, fyrr fullnøgd han vardt?
Naar Katten hev’ fenget sin Mette,
so snakar han ikkje so hardt.

Og stødt vil Uvitingen vona,
at ingen fekk Vit utan han;
og stødt vil han skjemma og tjona
den Ting, som han sjølv ikkje kann.
Alt gamalt han ned vilde grava,
naar berre so vist han slapp til.
Men endaa den Voni me hava:
han vinn ikkje alt, som han vil.

Ivar Aasen

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 20. mai 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Uvitingskap.

Kommentarer er stengt.