På poesiens grusvegar

På poesiens grusvegar

Eg tuslar mine vegar åleine
medan grus og sand
stundom lurar seg inn i skoa

irriterar litt
men uroar meg ikkje

eg sparkar ein stein til sides
innimellom
og vandrar videre

somme steinar er litt tunge
nokre er vakre og velforma

dei let eg liggja

vegen er godt vedlikehaldt
og slipa av envegstrafikken
så det er ikkje så mange igjen
av dei

snart gjøymer dei nok alle steinar
og særeigenheitar
under einsidig svart asfalt

med eit og anna lysande punkt
i midten

der vil eg vera

Tor M. Solvang

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 21. mai 2019, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for På poesiens grusvegar.

Kommentarer er stengt.