Togn og tale
Togn og tale
Tider til å tala –
til å teia.
Som mannen søkjer møy,
slik søkjer tanken ord.
Å, det er sælestunder når dei finn i hop.
Still, lukkeleg
er kvar ei skapningsstund.
Eit heilagbrot å bruke ord
og rivi togni sund.
Jan-Magnus Bruheim
Posted on 3. mars 2023, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Togn og tale.