Ei vise om kattar og mannfolk
Ei vise om kattar og mannfolk
Kattar er kongar,
Dei kneisar med hov’et – men har òg mildare trekk.
Som mannfolk flest,
likar dei å bli kjælt med, helst.
Klødd på magen, kost med heile dagen …
Som kattar kan dei mala,
(beisa huset – eller mala enkle rom).
Ver snill med katten din,
så ska’ du få sjå,
at du har deg funne ein frende.
Ver snill med gubben din,
så skal du få
– ein skatt med høgste verde.
Skulle du gjelda katten,
emaskulera din eigen mann
– så vert det du som vert tapar,
det er både visst og sant.
For då vert han lat,
og giddelaus,
fangar’kje mus,
og vaktar’kje hus.
– og du har deg sjølv å takka.
Lars-Toralf Storstrand
Posted on 29. mars 2023, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ei vise om kattar og mannfolk.