Det skin i li

Det skin i li

det syng i skog
av di du leikar
i min hug.
Når lauvet likrar
bekkjer læt
et sit så glad
at gleda græt!

Den sæle dagen
du kom inn
og rydde rom
i hugen min,

då opnast alt
som før var stengt
og ringa inn
av draum og lengt

No kvitrar fugl
no glitrar blad
og blomar strålar
allan stad.

Um handi ikkje
kan deg nå
og augo ikkje
kan deg sjå

kvar dei så vender
seg – og snur:
Mitt hjarta veit
kvarhelst du bur.

Og veit eg ikkje
kvar du fer,
eg veit ein stad
du alltid er.

Magnus Bruheim

Reklame

About en som tenkte sine egne tanker

Tenker tanker i tankerommet...

Posted on 5. april 2023, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Det skin i li.

Kommentarer er stengt.

%d bloggere liker dette: