På poesiens grusvegar
På poesiens grusvegar
Eg tuslar mine vegar åleine
medan grus og sand
stundom lurar seg inn i skoa
irriterar litt
men uroar meg ikkje
eg sparkar ein stein til sides
innimellom
og vandrar videre
somme steinar er litt tunge
nokre er vakre og velforma
dei let eg liggja
vegen er godt vedlikehaldt
og slipa av envegstrafikken
så det er ikkje så mange igjen
av dei
snart gjøymer dei nok alle steinar
og særeigenheitar
under einsidig svart asfalt
med eit og anna lysande punkt
i midten
der vil eg vera
Tor M. Solvang
Posted on 21. mai 2023, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for På poesiens grusvegar.