Nokre kjensler
Nokre kjensler
Nokre kjensler kjem sakte
god tid til å vekse seg sterke
som ei ferje på fjorden
smiler mot land.
Venta lenge – ja vel
kanskje heile liv –
Ikkje for mykje
om ein ventar på slikt
Stilt går ein derfrå,
sol
mellom hendene
lyser på
resten av vegen
ein skal gå.
Hans Anton Grønskag
Posted on 25. oktober 2026, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Nokre kjensler.

