Lærdom
Lærdom
Å elska er å vera stille
nesten heile tida og ha varme hender.
Å elska er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg til rett tid.
Snakk ikkje om ekstasen når du meiner kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad og møtest sjeldan.
Snakk heller om å gå til fots gjennom ti tusen kvardagar
og aldri halda opp med å vera den rette.
Å elska er å tenna lys og tørka tårer,
natt og dag.
Alf A. Sæter
Posted on 6. oktober 2026, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Lærdom.

