Vakker og god
Vakker og god
Han satt der og så på henne
og tenkte så rare ord.
Så våga han til å seia:
<<Du er så vakker du, bestemor!>>
<<Å nei>>, svara bestemor
med ein sukk.
<<Du kan ikkje seia
at eg er vakker,
som er berre skrukk-i skrukk!>>
Då såg han ho inn i augo
og tagde still.
Men tenkte med seg:
Det finst ingen annan,
som er så snill.
Sidan møtte han livet –
Det både gret og lo
Møtte med varme og kulde,
som smeikte han, eller slo.
Det gav han ei visse:
At vakker,
er berre den
som er god
Jan-Magnus Bruheim
Posted on 21. august 2026, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Vakker og god.

