Ennå på vegen
Ennå på vegen
Ennå er du på vegen mot ukjent land.
Du veit ikkje kva som skal møte,
veit ikkje kva som kan hende.
Um du maktar å gå han til ende,
står i ein annans hand.
Veit ikkje kva som er attanfor
neste sving.
Hendingar ventar deg der
eller kjem deg i møte.
Dagar med ljos og skugge,
netter med myrker og stjernor.
Kan hende varast du når du kjem lenger,
at du har gått i ring.
Likevel dulpar ei glede
avdi du fekk mod til å halde fram
da alt ville brotne,
da livet det galdt.
Nå står du her ser deg attende
og takkar for alt.
Jan-Magnus Bruheim
Posted on 20. august 2026, in Tenk på det!. Bookmark the permalink. Kommentarer er skrudd av for Ennå på vegen.

